Om Viking&Villrein

Hovden Næringsforening er prosjekteigar, Destinasjon Hovden prosjektleiar og Bykle kommune er samarbeidspartner. Vi søker samarbeid med privatpersoner, lag og foreningar, næringsliv og andre gjennom samlingar og aktivitetar gjennom året.

Stor Heddar

I tillegg søker vi samarbeid med Setesdalsfolk (UNESCO-prosjektet i Setesdal), Norsk Villreinsenter, Setesdalsmuseet, Agder fylkeskommune og andre relevante fag- og kompetansemiljø.

 

Målet er å lage trivelige møtestader og fellesskap for folk som har kunnskap dei har lyst å dele – og/eller for alle som har lyst til å lære. Eller, berre vere med på trivelige aktivitetar sammen med andre. «Finale» blir det når vi arrangerer årleg haustmarknad i Hegni friluftsområde.

 

Vi ynskjer å auke interessa og kjennskapen til lokal historie og kultur, ved hjelp av personar og fagmiljø. Målet er eigarskap til historien vår lokalt, blant verksemder, fastbuande og hyttefolk. Dette håpar vi på sikt vil bidra til å skape meir aktivitet i reiselivet som er knytta til vår unike historie – og på den måten jobbe inn kulturen som ein del av reiselivsaktivitetane. Med andre ord jobbe med kulturturisme og berekraftig reisemålsutvikling

Villrein runskrift

Historisk Bakteppe

Villreinen følgde iskanten etter siste istid til Setesdalsheiane for ca. 12 000 år sidan og dei lever fortsatt i heiane våre! Reinen var (og er!) attraktiv å jakte på og heilt sikkert spennande å følge etter når isen smelta og det etter kvart vart beitelag for dyra oppå dei glattskurte fjella.

Slik førte villreinen til at folk reiste innover landet og til fjells. Der busette dei seg, begynte å dyrke jorda og skaffa seg husdyr. Til fjells var fangst, fiske og sanking viktig for å få mat på bordet og folk bytta til seg nødvendige varer mot det reinsdyra gav dei. Skinn og gevir frå reinsdyra var den viktigaste handelsvara dei hadde, i alle fall fram til vikingtida og mellomalderen (omkring år 800 til 1300), men også avgjerande heilt fram til nyare tid.

Ein ny viktig ressurs kom til, når ein begynte å utvinne jern i vikingtida og mellomalderen. Hovden vart ein viktig leverandør av jern til heile Sør-Noreg og jernet vart også eksportert etter å ha blitt frakta til kysten.

Jern var ein føresetnad for det meste som hende i Noreg på denne tida. Nytt land vart pløygd med jernreiskap og vikingane reiste til nye land, der dei hærtok med våpen av jern, hadde reiskap av jern, og flotte skip laga med verktøy og naglar av jern. Jernmalmen i myrene rundt oss, var truleg minst like verdifull som oljen i borebrønnane i vår tid.

I nyare tid gjorde kombinasjonen av moderne våpen og manglande regulering av jakt og fangst, at villreinbestanden minka kraftig. På 1800-talet var det lite villrein att. I nyare tid har jakta blitt regulert for at stammen ikkje skal forsvinne. Samtidig har samfunnsutviklinga med kraftutbygging, hyttebygging, auka ferdsel og smittsame sjukdomar, gjort til at villreinen i dag er kategorisert som ein trua art. 

I Setesdalsheiane har vi Europas sørlegaste villreinstamme og det kviler eit stort ansvar på oss alle for å ta vare på dette fantastiske urdyret.

Samarbeidspartner