Program Viking & Villrein
Haustmarknad 2023
Program den 7 otober mellom kl. 11-16
Details
Viking & Villrein Haustmarknad Hegni
Bjørg-Sissel Tveiten innviar årets marknad med lur
Kva skjer hos Agder Vikinglag?
Få med deg handarbeidsteknikkar frå Vikingtida. Smiing, pil og boge-skyting, runeskule, slyngevev, lage kopparringar, vikingleikar, spinning og karring av ull, perlesløyd,
Sjå, lær og smak! Ein eldgammal kokemetode, lær å lage mat i ei grop i bakken.
m.m.
Prøve deg på å fyr ved hjelp av eldstål
Norsk Villreinsenter
Norsk villreinsenter er på haustmarknaden med to naturvegleiiarar som har sekken full av gevir, klauver og skinn. Kom og lær meir om korleis den fantastiske villreinen er spesialtilpassa livet i høgfjellet! Du kan også prøve deg som «jeger» ved å kaste lasso. Det blir leikar for borna som syner korleis reinen kommuniserar, kor god luktesans han har og litt om villreinens utfordringar.
Jernvinning
For ca 1000 år sidan var jernvinning på Hovden storindustri. Det vart produsert fleire tusen tonn i perioden produksjonen gjekk føre seg, frå rundt år 400 – om lag 1450, med ein topp i vikingtida og tidleg middelalder (900-1200-talet). Noko av målet i Viking & Villrein-prosjektet, er å på sikt kunne vinne ut nok jern av myrmalm, til å lage autentiske beslag, låsar, spiker eller verktøy til bruk i nye Setesdal stavkyrkje. Viking & Villrein har i samarbeid med Setesdal Bygningsvernsenter bygd blestringsomn av leire, etter modell frå arkeologiske utgravingar i Breive.
Sjå og ta på myrmalm – og bli med på røsting av myrmalmen.
Smiing med Harald Stulien Robstad
Harald Stulien Robstad (19): Munnharpesmed, oppfinnar, sportsmann og student.
Harald har mange jern i ilden! I haust byrja han på masterstudie innan maskin-og energiteknologi på NTNU i Trondheim. Heime på låven på Syrtveit har han oppfinnarverkstad, der driv han med smiing, sveising, tredreiing og mykje meir. Han har i heile oppveksten vore ein ivrig og allsidig idrettsgut, særleg innan langrenn og springing. Interessa for å skape har vore ei stor drivkraft, og han er nysgjerrig på å lære nye teknikkar og og utvide kompetansen. Han var på smiekurs hos Bjarne Rysstad i Valle ifjor, der han lærte seg å smi munnharpe. Han seier i filmen her: «Det er moro å kunne smi munnharpe som andre kan spele på, og eg tykkjer det er viktig å halde tradisjonane vedlike, ein verdifull kulturarv.» Han har vore på munnharpekurs hos Sigurd Brokke, der vart han inspirert til å lære meir om spelinga. Veslebror Endre sto på scenen i Arendal kulturhus og spelte på ei av munnharpene til Harald. I sommar turnèrte Harald og Endre saman med Kulturpatrulja rundt om i Setesdal. Endre som spelemann og Harald som dansar. Under Viking & Villrein får du treffe begge to. Harald skal smi munnharpe og Endre skal spele.
Endre Stulien Robstad
(13): Spelemann og skuleelev
Me får besøk av det unge talentet, Endre, under Viking & Villrein. Trass alderen, har han rukke å bli ein god fele-og munnharpespelar. I to år har han gått i lære på hardingfele hos meisterspelemannen, Daniel Sandèn Warg. Han går framleis i lære hos Daniel, i tillegg til munnharpeundervisning hos Eivind Tanche-Larsen Knutsen. Endre si interesse for folkemusikk er veldig stor, og i sommar turnèrte han med Kulturpatrulja i regi av Setesdalsmuseet og Visit Setesdal. Dei hadde 35 konsertar rundt om i Setesdal, der Endre var med som spelemann og storebroren Harald dansa setesdalsgangar.
Endre er og interessert i friidrett og ski, så han er ein travel ungdom med alt han held på med av trening og øving, i tillegg til gitarspeling. Han gler seg til å koma til Hovden og treffe folk han kan spele for.
Jernvinnemuseet
Velkommen til aktivitetar for heile familien i Jernvinnemuseet
Hovudtema er Skjoldmøyene frå Setesdal.
Lag en magisk skjoldmøypose og samle skattar i den.
Aktivitetane passer for alle frå fire år og oppover.
S
Smak på Sigrid si nydelige neslesuppe
Har du smakt suppe laga av brennesler? Hvis ikkje, kan det vere du bli positivt overraska. God og ekte vikingmat!
Villreinsertifikatet
Lær meir om reinen og sjå om du klarar å ta villreinsertifikatet
Valle Vev vil vise korleis dei farga garn
i nydelege fargar med planter før i tida på Haustmarknaden på Hovden.
Valle Vev følgjer tråden i vevtradisjonen i Setesdal med tjeld, tæpe, rugger, brossar, jure, sokkeband samt puter og løparar. Men også kurs, foredrag, artikler og bok om den fargerike vevtradisjonen.
Mat- & sankefestival Hovdestøylen
Trond Moi
Trond Moi, rikskjent kokk og vinnar av Farmen kjendis, lagar mat over åpen eld, med fokus på lokale råvarer. Her blir det rikeleg med smaksprøver.
Kom, lær og smak!
Lefsebaking med Inger Lise og Kari Stulien
RULTEN OG RALTEN, UNDERSMUGAREN OG SMIGREDALTEN.
Inger Lise Stulien og dottera, Kari, kjem til haustmarknaden og bakar lefser. Inger Lise er oppteken av å ta vare på tradisjonar, så dei ikkje skal døy ut. «Ved å lære bort tradisjonane til neste generasjon, bidreg me til at kulturen får leve vidare. Det er ei glede å kunne ta imot, og ei glede å kunne formidle tradisjonar vidare», seier Inger Lise.
Fjødd (tidligere Fjellgarden Hovden)
Hovdens lokale slakteri og produsent «Fjødd» demonstrerar partering av vilt
Bygland Bryggeri
Bygland Bryggeri lagar kanskje Noregs beste tradisjonsøl! Dei deltek på mat- og sankefestivalen og skal blant anna koke einerlåg.
Dei stiller også ut tradisjonelt bryggeutstyr og ingrediensar. Og, ikkje minst, det blir mogleg å kjøpe smaksprøver av ulike tradisjonsøl.
Utstillare:
Jaren toppmat, HonningMoen, Uppistoggard, Björgumgard, Halleland honning, Røyslandgard, Viking& Villreins Hjemlaga, Setedal Ullgris mfl.
Utendørs Kunstutstilling
Mellom hegni og Hovdestøylen går det att sjå en utendørs utstilling me Fjellrein
Bokslepp
Barneromanen «NU og den store tanken» blir lansert av «multikunstnar» Trond Henning Monan og forfattar Gyrid Axe Øvsteng. Ei bok om å bygge, med utgangspunkt i omgjevnadane på Hovden. Du kan også bli med å lage sponkledning!
Sist men ikkje minst, utandørskonsert med Bjørn Tomren!
Pris kr 180 for vaksne, 50 for skuleungdom/barn eller kr. 250 for familie.