
Viking & Villrein
Viking & Villrein er eit spennande paraplyprosjekt for ulike tema, med mål om å formidle lokal historie og kultur gjennom gode opplevingar.
Den lokale historien og kulturen i Hovden-området er djupt knytt til villreinen, og vi har ansvar for å ta vare på reinen og heiane der den lever. Vi fokuserer på å utvikle aktivitetar og verdiskaping i randsona av villreinområda.
Vi er i gong med å gjenskape jernutvinning slik den gjekk føre seg i vikingtida. Det er bygd ein blestringsovn i samarbeid med Setesdal Bygningsvernsenter og det er gjennomført fleire rundar med blestring av jern frå myrmalm. Dette bidreg til å gi folk opplevingar i eit autentisk kulturmiljø, som gir ei djupare forståing for den historiske verdien av jernutvinninga. Vi håpar å invitere deg med på ei spennande reise tilbake i tid!
Vi jobbar for at ein skal utvikle ein arrangementsarena tilknytt Hovden Jernvinnemuseum, der ein i samarbeid med museum, kommune og næringsliv kan skape ei levande formidling med fokus på lokal kulturarv. Villrein og jernutvinning i vikingtida er kjernen i prosjektet, som gjev mange moglegheiter for å knytte på andre aktivitetar. Dette kan også sjåast på som eit tiltak for å kanalisere ferdselen på Hovden, spesielt om ein ser det i samanheng med Vikingvegen som er etablert.
I 2023 vart det parallelt med Haustmarknaden 7. oktober, også arrangert ein mat- og sankefestival. Her er målet å få fram verdien av tradisjonsmat / mathandverk, med fokus på lokale råvarer frå jakt, fiske og sanking.
Til slutt ynskjer vi også å fremje Setesdal sin unike UNESCO-lista kulturarv som består av song, dans og folkemusikk.
Gjennom prosjektet vil vi jobbe for å skape berekraftig turisme som gir positive effektar for både lokalbefolkninga og besøkande. Ved å ta vare på villreinen og kulturarven vår, kan Hovden by på unike og autentiske opplevingar.