Velkomen til ein workshop i viltmatlaging med den sørsamiske kokken Kim Tomas Joma!
Fredag 4. oktober har du moglegheit til å delta på ein kveld med patering og matlaging på Hegni, Hovden, der vi samlast i ein laavo for ei inspirerande og lærerik stund.
Kim Tomas Joma, ein sørsamisk kokk med ein fascinerande bakgrunn og erfaring frå nokre av dei mest avsidesliggjande stadane på jorda, vil dele si kunnskap om patering og vise matlaging på uvanlege stykningsdelar.
Om Kim Tomas Joma:
Kim Tomas Joma har arbeidd som kokk på alt frå forskingsstasjonar på Svalbard og i Finland til restaurantar på Island, Hamburg, og til og med om bord på ein ubåt under havoverflata. Han har jobba saman med den rikskjende Arne Brimi.
I dag har han vendt tilbake til sine sørsamiske røter i Røyrvik og Snåsa, der han kombinerer tradisjonell samisk matkultur med moderne teknikkar og lokale råvarer. Med ei sterk passion for å lyfte fram verdien av heile dyret i matlaginga, lagar han mat med djup respekt for naturressursane. Joma har òg representert Noreg på internasjonale arenaer som Grüne Woche i Berlin og laga gourmetmiddagar under festivalar i Trøndelag.
Fredag 4. oktober kl. 17:30-20:30
Hegni Friluftsområde, i ein laavo (utandørs)
Pris: 500 kr – avgrensa tal plassar
Kva kan du vente deg?
- Ei fordjuping i patering og berekraftig matlaging med fokus på mindre vanlege stykningsdelar.
- Matlaging der Joma deler si ekspertise innan samiske mattradisjonar og vilt.
- Moglegheit til å stille spørsmål og få inspirasjon frå hans mangeårige erfaring med både tradisjonell og moderne matlaging.
Kle deg varmt og komfortabelt då vi vil vere utandørs.
Vi ser fram til å dele denne unike matopplevinga med deg!
Påmelding og meir informasjon:
For påmelding, kontakt Lina Dufva på lina@hovden.com. Avgrensa tal plassar, så sikre deg plass i dag!